Jærmuseet

Kontaktinfo: 

Jærmuseet
Kviavegen 99
4367 Nærbø

Tlf: 47 77 60 20
E-post: post@jaermuseet.no

Utforsk spennande aktivitetar på vitensenteret i Jærmuseet!
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet.

Vitensenteret i Jærmuseet består av to lokalitetar – Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes. I tillegg har me Science Circus – vårt «vitensenter på hjul» som besøkar skuler i heile Rogaland.

Vitengarden er «vitensenteret midt i matfatet». Utstillingar og formidling på Vitengarden tek utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruk, mat, energi og miljø. Vitenfabrikken sine utstillingar er forankra i den regionale industrihistoria og byhistoria til Sandnes. Hovudtema elles er matematikk, astronomi og miljø.

Vitenfabrikken og Vitengarden har formidlingsopplegg for barnehagar, grunnskule og vidaregåande skuler, forankra i læreplanen. Det er stort aktivitetsprogram i helger og feriar, med show, demonstrasjonar, workshops og aktivitetar. I 2015 hadde vitensenteravdelingane i Jærmuseet nærare 140.000 besøkande. Medan det samla besøkstalet for heile Jærmuseet var rett i overkant av 200.000.