Jærmuseet

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Vitensenteret i Jærmuseet består av to lokalitetar – Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes. I tillegg har Jærmuseet Science Circus – eit «vitensenter på hjul» som besøker skular i heile Rogaland.

Vitengarden er «vitensenteret midt i matfatet». Utstillingar og formidling på Vitengarden skjer både ute og inne, og tar utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruk, mat, energi og miljø. I tillegg driv Vitengarden ein gard, med mange ulike husdyr som var vanlege på Jæren på 1950-talet.

Vitenfabrikken sine utstillingar er forankra i den regionale industrihistoria og byhistoria for Sandnes. Hovudtema elles er matematikk, astronomi, energi og miljø. Ein av hovudattraksjonane på Vitenfabrikken er planetariet. Her kan ein både vise filmar og ha stjernevisningar og planetsurfing.

 

Mange besøkende

Kvart år har Vitenfabrikken, Vitengarden og Science Circus i overkant av 150.000 besøkande! Medan det samla talet for heile Jærmuseet er på rundt 215.000 gjester. 30% av det totale besøkstalet er barn og unge som er med på organisert formidlingsopplegg, med forankring i ramme- og læreplan.  60% av besøket er ferie- og fritidsgjester som først og fremst besøker vitensentra i helger og ferier. Då er det eit variert aktivitetsprogram med show, demonstrasjonar og verkstader. Dei siste 10% er grupper som er med på ulike kurs eller har andre tilstellinger på bygga.

Jærmuseet har tidlegare vunne pris for Årets Museum i Norge, samt European Michelletti award som det beste teknologimuseet i Europa.

Besøke oss?

Vitenfabrikken
Storgata 28, 
4307 Sandnes

Kart og veibeskrivelse ›

Gå til hjemmeside Vitenfabrikken ›

 

Vitengarden
Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Kart og veibeskrivelse ›

Gå til hjemmeside Vitengarden ›

Kontakt:

Vitenfabrikken
Tlf. 47 77 60 20

vitenfabrikken@jaermuseet.no

 

Vitengarden
Tlf. 47 77 60 20

vitengarden@jaermuseet.no